Hornos-øya

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Isla Hornos
Utsyn mot Kapp Horn frå ein annan del av øya.
Utsyn mot Kapp Horn frå ein annan del av øya.
Geografi


Stad Drakesundet
Koordinatar 55°57′S 67°16′WKoordinatar: 55°57′S 67°16′W
Areal 12 km²

 (425 moh.)

Administrasjon
Land Chile
Region
Provins
Región de Magallanes y de Antártica Chilena
Antártica Chilena

Hornos-øya (spansk: Isla Hornos) er ei lita chilensk øy. Ho er den sørlegaste av Hermite-øyane, heilt sør i øygruppa Eldlandet. Øya er mest kjend for sørspissen; Kapp Horn. Øyane ligg administrativt i provinsen Antártica Chilena i Región de Magallanes y de Antártica Chilena. Ein tenkjer ofte på Hornos-øya som den sørlegaste øya i Sør-Amerika, men Diego Ramírez-øyane ligg lengre sør.

På øya har Chile ein marinestasjon som består av nokre få driftsbygningar, eit kapell og eit fyrtårn. På øya står også ei minnestøtte med eit stort albatross-symbol, til minne om dei som døydde medan dei prøvde å runda Kapp Horn. Øya ligg i Cabo de Hornos nasjonalpark.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]