Kong Fahd internasjonale lufthamn

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Kong Fahd internasjonale lufthamn
Dammam lufthamn
مطار الملك فهد الدولي

Fil:King Fahd International Airport, Satellite.jpg

IATA: DMMICAO: OEDF
Oversyn
Flyplasstype Sivil
Operatør General Authority of Civil Aviation
Tener Dammam storbyområde og Jubail
Stad Dammam i Saudi-Arabia
Bygd 28. november 1999
Høgd  22 moh
Høgd  72 foh
Koordinatar 26°28′16.3″N 049°47′54.9″EKoordinatar: 26°28′16.3″N 049°47′54.9″E
Rullebanar
Retning Lengd Banedekke
fot meter
16R/34L 13 123 4 000 Asfalt
16L/34R 13 123 4 000 Asfalt
Statistikk (2015)
Passasjerar 9 000 000+
Frakt (tonn) 115 830
Flygingar 66 966

Kong Fahd internasjonale lufthamn (KFIA) (arabisk مطار الملك فهد الدولي) (IATA: DMM, ICAO: OEDF) er ein flyplass i Dammam i Saudi-Arabia, 20 km nordvest for Dammam. Flyplassen var ferdig utbygd mot slutten av 1990, og slik at dei allierte styrkane under den første Golfkrigen kunne nytte området tidleg i 1991 til å oppbevare militære luftfartøy. KFIA var basen til alle USAF A-10-fly (144), i tillegg til mange andre under Golfkrigen. Den nye King Fahd internasjonale lufthamn vart opna for sivil luftfart den 28. november 1999, og alle flyselskap flytta operasjonane sine frå Dhahran internasjonale lufthamn, som var i bruk fram til då. Den nye Dammam flyplass tener det meste av det austlege Saudi-Arabia, og særleg storbyområdet som utgjer Dammam, Dhahran, Khobar, Qatif og Ras Tanura, i tillegg til Jubail med i alt over 2,5 millionar innbyggjarar. Flyplassen er den tredje største for Saudia, og var tidlegare eit knutepunkt for det nedlagde Sama Airlines.

Flyplassen er kalla opp etter Fahd bin Abdulaziz Al Saud, som var konge av Saudi-Arabia frå 1982 til han døydde 2005.

Fleire kjelder, som Guinnes rekordbok,[1] har denne flyplassen som den største i verda ut frå areal, med eit samla areal på 780 kvadratkilometer (større enn Bahrain). Den offisielle nettsida til flyplassen skriv at det utnytta arealet er 36,775 kvadratkilometer, og nemner at 780 km² er heile området som flyplassen eig.[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Craig Glenday. Guinness World Records 2013. Red. Random House LLC, 2013. ISBN 9780345547118. P. 320
  2. Data Project Data. King Fahd International Airport. KFIA, Dammam, Eastern Province – Saudi Arabia. Total Airport Area 77,600 Hectares; Developer Areas; Total: 4,265 Hectares; Airport: 3,675 Hectares; Construction ; Support/Utility Plants: 51 Hectares; Community :80 Hectares

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Kong Fahd internasjonale lufthamn