Nord-Trøndelag fylke

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Nord-Trøndelag fylke
fylke
fylkesvåpen
Land Flag of Norway.svg Noreg
Adm.senter Steinkjer
Areal 22 415 km²
 - land 20 881 km²
 - vatn 1 534 km²
Folketal 137 233 (1. januar 2018)
Folketettleik 7 / km²
Målform nøytral
Fylkesmann Inge Ryan
Fylkesordførar Gunnar Viken (H)
 - Fylkesrådsleiar Ingvild Kjerkol (Ap)
Fylkesnummer 17
Norway Counties Nord-Trøndelag Position.svg
Wikimedia Commons: Nord-Trøndelag
Nettstad: www.ntfk.no

Nord-Trøndelag fylke er eit tidlegare fylke i Noreg, som utgjorde den nordlege delen av Trøndelag fylke. Fylket grensa til Nordland i nord og Sør-Trøndelag i sør. I aust grensa fylket til Jämtlands län i Sverige med ei kyststripe i vest som strekte seg frå Bølefjorden i sør til øya Leka i nord med skjera Ertenbalen nordvest for Hortavær som nordlegaste punkt i fylket. Nord-Trøndelag vart stundom delt inn i distrikta Innherad, Stjørdalen og Namdalen.

Steinkjer var senter for administrasjonen i fylkeskommunen. Andre byar i fylket er Namsos, Verdalsøra, Levanger, Stjørdalshalsen og Kolvereid. Sistnemnde er Noregs minste by i høve innbyggjartal.

Fylkesvåpenet er teikna av Hallvard Tretteberg, vart vedteke av fylkestinget 13.juni 1956 og godkjent ved kongeleg resolusjon 8. mars 1957. Motivet vert skildra slik: På sølv botn ein gull utbøygd kross. Våpenet skal minne om Heilag-Olav, som etter sagatradisjonen hadde ein gullkross på kvitt skjold under slaget på Stiklestad år 1030. Våpenet er i dag i bruk for Trøndelag fylke. Fylkesblomsteren til Nord-Trøndelag var marisko og fylkessteinen var thulitt.

27. april 2016 vart det vedteke av fylkespolitikarane i Nord- og Sør-Trøndelag at dei vil slå saman dei to fylka til eitt. 8. juni fekk samanslåinga ja frå Stortinget. Samanslåinga gjeld frå 1. januar 2018.[1][2]

Klima[endre | endre wikiteksten]

Dei indre strøka av Nord-Trøndelag er skjerma av fjell i sektoren sørvest til aust, og delvis òg i nord. Særleg har dalstrøka nær svenskegrensa eit typisk innlandsklima med moderat nedbør og kalde vintrar.

Ytre Namdalen og Vikna er derimot sterkt påverka av Norskehavet. Den kalde vinterlufta frå innlandet vert drenert ut Namdalen, noko som medverkar til at det ofte vert sterk vind, mellom anna over Folda. Det er liten kuling eller meir rundt 20 % av året og liten storm 1 % av tida.

Fosenhalvøya skjermar dei lågare strøka lenger aust mot påverknaden frå Norskehavet, medan Trondheimsfjorden dempar både vinterkulda og sommarevarmen. Høgdevinden over området er oftast frå sørvest, men om vinteren vil bakkevinden ofte blåse frå aust til søraust. Om sommaren er det gjerne sjøvind (havgule) frå ein retning mellom vest og nordaust.

Februar er den kaldaste månaden ved kysten med ein middeltemperatur like over 0 °C, omkring Trondheimsfjorden er det januar som er kaldast med middel frå –2 til –5 °C. I indre strøk går middeltemperaturen til dels ned mot –10 °C, medan dei lågaste minimumstemperaturane som er observert, er frå –35 til –40 °C. Middeltemperaturen om sommaren er stort sett frå 13 til 15 °C, men går under 10 °C i fjellstrøk over ca. 750 m. I samband med luft ført inn frå søraust kan maksimumstemperaturen i låglandet stige over 30 °C. nedbør

Årsnedbøren varierer frå 750-1000 mm ved kysten i nordvest til 1500-2000 mm i kystnære fjellstrøk. Indre, skjerma område får 500-750 mm. Det kjem mest nedbør på hausten og tidleg på vinteren, men stader i innlandet har ofte mest nedbør om sommaren.

Det er noko tåke ved kysten om sommaren, medan det nær Trondheimsfjorden kan opptre lokal strålingståke eller frostrøyk om hausten og tidleg på vinteren. Det er langt mindre tåke her enn i Søraust-Noreg.

Samferdsel[endre | endre wikiteksten]

Trondheim lufthamn, Værnes

Europaveg 6 og Nordlandsbanen utgjer dei viktigaste kommunikasjonslinjene i fylket. Desse går frå Trondheim og langsetter Nord-Trøndelag og vidare til Nord-Noreg, gjennom det tett busette området på austkanten av Trondheimsfjorden, langsmed Snåsavatnet og nordover gjennom Namdalen. Herfrå tek europaveg 14 og Meråkerbanen av austover ved Stjørdal og fylgjer Stjørdalen over Storlien til Sverige. Fylkesveg 17 tek av ved Steinkjer og går over Namdalseid til Namsos og vidare måt nord gjennom Overhalla, Høylandet og Foldereid i Nærøy til ytre Helgeland. I Stjørdal ligg Trondheim lufthamn, stamruteflyplassen i Trøndelag. I tillegg er det småflyplassar ved Namsos og Rørvik, Namsos lufthamn og Rørvik lufthamn, Ryum. Hurtigruta Bergen–Kirkenes stoppar ved Rørvik på Indre Vikna.

Nord-Trøndelag har to dagsaviser: Trønder-Avisa utgjeve i Steinkjer, og Namdals-Avisa i Namsos. Elles i fylket kjem det ut åtte lokalaviser ut 2-3 gonger i veka. NRK Trøndelag har kontor i Steinkjer og i Namsos.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]